lørdag, september 30, 2006

Steinkjer: Gammalt nytt...

I dag er det nøyaktig to veker sidan den store barnefestivalen gjekk av stabelen i Steinkjer. Ja, vi er litt trege med å gje lyd frå oss. Sorry.

Barnas Festival er som dei fleste veit eit samarbeid mellom oss i UiO og menighetane i Steinkjer. Sidan det er første gong noko slikt blir arrangert i Steinkjer, var vi alle veldig spente. Nokre trudde at vi i teamet hadde vore med på slikt mange gonger før. Der var ei dame som sa dette dagen før festivalen: «Det er jo første gang for oss her i Steinkjer, så vi er litt nervøse, men de har jo gjort det mange gonger før..» Jaja, kanskje like godt at ho trudde vi visste kva vi dreiv på med...

Laurdag var hovuddagen på Festivalen med to «Chris og Øystein-show», to bolkar med workshops og mange aktivitetar. Det er litt vanskeleg å seie kor mange barn som var innom festivalen i løpet av helga, men vi trur det var om lag 120. Det var ikkje så mange som vi hadde trudd og håpa på. Likevel vart det to fine dagar, Gud velsigna oss med fantastisk vær, knall sol og varmt og godt. Ungane kosa seg med diverse aktivitetar som hesteridning, go-cart, ballongbretting og ansiktsmaling. Vi kan vel ikkje seie at alt gjekk på skinner, men på slutten av dagen var alle fornøgd likevel.

Chris og Øystein er blitt veldig populære i Steinkjer, dei har vore her eit par gonger, så mange barn kjenner dei frå før. Det gjekk med 1600 cdar, og støtt og stadig høyrer vi om ungar som har delt ut cdar til heile klassen.
Søndag var det Barnas Festsamling med «Chris og Øysten-show» og barna fekk vise fram dans, drama og sang som dei hadde lært dagen før. Etter samlinga var det grilling og kos for heile gjengen.

Det blir veldig spennande å sjå kva effekt denne festivalen har hatt i byen. Det kan vi ikkje måle no, berre to veker etter. Ein ting som er sikkert, er at dette prosjektet har ført dei kristne saman, og allereie no snakkar dei om å gjere noko liknande att neste år.

Ingen kommentarer: