mandag, oktober 16, 2006

haust i volda

På laurdag var me tre jenter på tur til Rotsethornet. Frå dette fjellet har ein utsikt over Volda. Det er godt å vera tilbake igjen her mellom Sunnmørsalpane. Det er godt å få ha med seg dei erfaringane ein har etter å ha vore her eit år. Me veit meir kva me skal gjere, og ikkje gjere.

Noko nytt dette året er cellegrupper. Anna kvar veke vil me ha cellegruppe med nokre studentar, der me både kan "få og gi", og etter kvart håper me å få til ei gruppe med elevar frå vidaregåande. Dette vert bra! :)

Neste veke får me besøk av team frå Skien, og same helga, 27.-28.oktober, vil det bli arrangert TenOaseExperience her, med konsertar, møter, seminarar og god gang. Gjerne be for dette!

Jepp. eit hei frå Volda. Noko av det me har lert meir om, er kor viktig det er å elske folka rundt oss. Det nyttar ikkje å bare køyre på for å få forandring, om ein ikkje elskar. (1.kor 13) Og me kan elske fordi Gud elska oss fyrst (1.joh.4,10). Som Torstein sa på teamtreninga: "Love each other and see what happens" ... :)

fred. Ane

1 kommentar:

Sindre sa...

Er spent på å høre hva som har skjedd denne uka, når dere har hatt besøk av folka våre fra Skien:) Regner med de kommer imorgen kveld.
Elise skryter av deg hele tiden Ane!
Bless ya guys!
Sindre