tirsdag, februar 06, 2007

vinter i volda

ja, då kjem eit livsteikn frå Volda og!

Her ser de bilete av nokon av dei ungdomane me får henge med. Anna kvar onsdag har vi disippelgruppa heime hos oss. Då et me fyrst middag, før det vert lovsong og undervisning... I morgon skal Jørn-Arve snakke om karakterbygging!

I jentegruppa har vi no fått eit styret! Her er bilete frå fyrste styremøte. Då laga vi oss og ein visjon: "vi vil
at kristne tenåringsjenter skal vite kven dei er i Jesus og ta nye steg for han i kvardagen".

Er godt å vere i Volda. No er det og snø å finne i gatene, til gutane si store begeistring...:)

Ingen kommentarer: