lørdag, april 01, 2006
Det spirar og gror i Steinkjer...
Mandag 27. mars starta ei dame(Oddbjørg) opp barneklubb på Sunnan! Halleluja! Ho har hatt denne visjonen i hjarta vertfall sidan september i fjor, og endeleg tok ho steget ut og gjorde noko med det. Det var full rulle med leik, undervisning med flanellograf!?! sang og mykje anna moro. Sunnan er ei lita bygd 15 min frå Steinkjer sentrum. Det bur 23 ungar i alderen 8-12 år der. Det var vertfall så mange Oddbjørg hadde sendt invitasjon til, OG 11 av dei kom. Det er halvedelen av bygdas ungar! Oddbjørg var supernervøs og veldig spent på om det ville komme nokon i det heile. Og sjølvsagt veldig glad når det kom så mange. Både ho og vi i teamet var kjempeoppmuntra! Ungane sa dei hadde det kjekt og ville komme tilbake neste gang. Takk store Gud for din trofasthet!
Vi har og snakka med ei anna dame, som ønsker å starte opp barnekor i si bygd... Visjonen vår om å sjå barnearbeid i alle bygder og byggefelt brer om seg. No er det 4 barneklubbar og 1 barnekor oppe og går.
Tirsdag til torsdag denne veka var vi på Eintrøa og underviste DTS'n der om bønn, forbønn og andeleg krigføring. Det var siste veka deira før outreach. Eigentleg skulle ein gjeng frå Grimerud komme og gjere mestedelen, men på grunn av sjukdom og litt ymse, vart det til at vi i teamet underviste mest. Det vil seie at Easther underviste, og vi andre var med å hjalp til, delte vitnesbyrd og anna innimellom. Det var kjempearti å vere der saman med studentane, henge rundt med dei, og ikkje minst gje dei noko nytt frå Guds Ord. Det er verkeleg stort å få jobbe for Den Allmektige Skapar av Himmel og Jord.
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
1 kommentar:
kult å lese om barnearbeidet som sprer seg! yeah! Hvilken mektig Gud vi har!:)
Legg inn en kommentar