


Vi har og snakka med ei anna dame, som ønsker å starte opp barnekor i si bygd... Visjonen vår om å sjå barnearbeid i alle bygder og byggefelt brer om seg. No er det 4 barneklubbar og 1 barnekor oppe og går.
Tirsdag til torsdag denne veka var vi på Eintrøa og underviste DTS'n der om bønn, forbønn og andeleg krigføring. Det var siste veka deira før outreach. Eigentleg skulle ein gjeng frå Grimerud komme og gjere mestedelen, men på grunn av sjukdom og litt ymse, vart det til at vi i teamet underviste mest. Det vil seie at Easther underviste, og vi andre var med å hjalp til, delte vitnesbyrd og anna innimellom. Det var kjempearti å vere der saman med studentane, henge rundt med dei, og ikkje minst gje dei noko nytt frå Guds Ord. Det er verkeleg stort å få jobbe for Den Allmektige Skapar av Himmel og Jord.
1 kommentar:
kult å lese om barnearbeidet som sprer seg! yeah! Hvilken mektig Gud vi har!:)
Legg inn en kommentar