torsdag, mars 09, 2006

Stabil vinter i Steinkjer


Idag fauk det diamantar gjennom lufta her i Steinkjer, Folk er så rike her at det ligg berre strød i gata (?) Neida, men snøkrystallar som fyk med vinda gjennom ei solfyllt gate gjorde meg rik likevel... Tenk å få kjenne Han som har laga dette! Heilt utruleg vakkert... Eg er litt draumande, det er først og fremst pga. skaparen, men og fordi eg har ei så kjekk jente, som vil være mi. Ho er med på å lyse opp dagane mine på ein måte. :-) For dei som ikkje veit det er det Åsta Katrine Nome som studerer i Sandane, musikkterapi. Men eg kan ikkje fyle bloggen med å skrive om henne...

Altså... Steinkjer! Eg er her stort sett...

Barnefestival - "Barnas Festival" - Vi har faktisk komme ganske bra igang no! Endelge har vi komiteane så godt som spikra. På mandag hadde vi den første samlinga for alle som er med i komiteane. Det var omtrent halvparten av dei innmeldte som møtte opp, men stemninga var likevel utruleg god. Vi kom fram til eit navn som vi kan jobbe under: Barnas Festival. Vi ynskjer at alle skal kjenne seg inkludert og ønske å være med. Barna må kjenne at vi er der for dei og ikkje mist at Jesus er der for dei. Ikkje berre på festivalen, men om dei vil fylgje han har han lova å være med kvar dag, heile livet ut. Så no er det berre om å gjere å finne ein mann som kan stå som hovudleiar for festivalen - Be!

Ungdomsmøte - Som vi skreiv sist veke hadde vi MobilDTS'n frå Eintrøa med oss. Dei gjorde ein kjempejobb med ungdomsmøtet på fredagen. I allefall to av dei som kom var ikkje kristne og vitnesbyrda og talen vitna tydeleg om ein Gud som er interessert i å hjelpe og som forandrar liv.

Team er supert! Vi får prøve oss i så utrolig mange ting som vi egentlig ikkje kan, men som vi lærer etterkvart... Kjempe kjekt!

Sigmund

Ingen kommentarer: