fredag, oktober 26, 2007

Kva skjer på Sandane?

Dette skjer på Sandane!

Sidan sist har vi vore med på 2 konfirmantleirar. Ein for alle konfirmantane i Gloppen (kommunen Sandane ligg i), og den andre var når Ekki og Anders hjalp til når Volda-teamet og fleire hadde leir for alle Volda-konfirmantane! Det var to ganske forskjellige leirar med veldig mykje bra!

Forrige torsdag starta vi opp 10-12 3ff for 10-12 åringar. 9 stk kom første gongen! Det vart både spark på boks, forskjellige leikar, fortalt om Jesus som metta 5000 menn + + og ein liten dose Øystein-cd m.m. Det blir 5 slike samlingar før jul.

Vi opplever støtte hos kyrkja her. Vi har jobba med å legge fram eit forslag til ei felles bønneveke. Vi ønskjer at flest mogleg kan vere med på å stå i felles bøn for Sandane i ei veke!

Bursdagen til Ekki vart feira med eit lite overraskelses-party (det vil seie, Ekki visste det egentleg 4 dagar før, vi trudde vi hadde klart å holde det hemmeleg), og 4 stk frå leiartreningskurset vi delvis har vore med på, kom, og vi hadde ein artig kveld med dei!

No har vi ei vekes god ferie alle saman, unntatt Ekki, som underviser ei veke på Nordtun DTS!! Så akkurat no er Sandane uten oss. Men we'll be back!

1 kommentar:

Maria den lattermilde sa...

Ikkje vanskelig å sjå kem som he skreve d innlegget! Jaffal viss du sammenligne d me d eg la inn sist;)
Hehe